Om oss

Elektroservice Ørsta AS blei oppstarta i 1990, og har i dag kontor i Strandgata 5B, Ørsta. Her er vi fordelt på 2 etg. med kontor, butikk, lager , verkstad og kontor. Vi er i dag 14 medarbeidarar , med el. installasjon i bustadhus, industri, landbruk og kommunale bygg som arbeidsområde.

Elektroservice Ørsta AS utfører alt innan boliginstallasjonar og næringsbygg. Teknisk og fagmessig har vi kapasitet til å ta på oss det meste av oppdrag på dette området.

Fagområdet innan tele og data har etter kvart blitt svært omfattande, og smeltar meir og meir saman med installasjonsdelen. På grunnlag av det lokale behovet i næring/industri og bolig, bygg vi opp vår kompetanse.
Vi tilbyr her installasjon og service på aktuelt utstyr. Tele og Data er eit fagområde i sterk utvikling. Vi held oss oppdaterte ved å jevnlig gå på diverse kurs.

Nye og ukjente oppgåver tek vi som ei utfordring.

Våre fordelar

  • Stort produktutval
  • Dyktige medarbeidarar
  • Godt sosialt miljø
  • Stabil arbeidskraft
  • Rask levering av varer
  • Fagleg kunnskap og lang erfaring
  • Solid nettverk av leverandørar og kundar

Arbeidsområde

  • Prosjektering og utførande av elektriske anlegg
  • Prosjektering og utførande av nødlysanlegg og brannalarmanlegg
  • Installasjon audio- og videoanlegg
  • Installasjon av datanettverk Cat6 og fiber
  • Lysstyring og varmestyring
  • Videoovervåking og alarm
  • Telefonsentralar
  • Antenneanlegg parabol og Riks-TV

Autorisasjonar

  • Elektroservice Ørsta AS er i dag autorisert for Elektroinstallasjonar og Teleinnstallasjonar.
  • Vi har sentral godkjenning for prosjektering og utføring av brann og nødlys i tiltaksklass 2.

Helse, Miljø og Sikkerhet

  • Elektroservice Ørsta AS har implementert og oppfyller lovpålagte krav til HMS. HMS er et satsningsområde der vi kontinuerleg skal fokusere sikkerheit. Vi har klare definerte mål og retningslinjer innanfor HMS. Det er etablert eit elektronisk internkontrollsystem som er sertifisert.